Tatt av Heimdal: Kom inn Heimdall

Tatt av Heimdal: Kom inn Heimdall

Kjetil Berge

Heimdal Kunstforening

Opning 25.02.2017 kl. 13.00

Som ein del av satsinga Tatt av Heimdal inviterer Heimdal Kunstforening og kunstnaren Kjetil Berge til opning av prosjektet Kom inn Heimdall.
 
Heimdal deler namn med den norrøne guden Heimdall; ”den klartljosande”, vaktaren av Bifrost, gudane si bru. Om guden Heimdall seiast det at han er stor og heilag. Han treng mindre søvn enn ein fugl, og kan sjå 100 mil både natt og dag, og har så god hørsel at han kan høyre graset gro på engene og ullen vokse på sauane. Hans Gjallarhorn kan høyrast i alle verdshjørna.* Difor er det naturleg å freiste å få kontakt med han når det gjeld problemstillingar som omhandlar framtida. Med hans globale perspektiv og innsikt i fleire verdenar er han godt rusta til å kaste ljos over korleis ein kan handtere ein felles innsats for å forbetre Heimdals velstand.
 
I forkant av opninga har Berge invitert ulike menneske til å delta i spirituelle seansar eller rundebords-samlingar for å få kontakt med guden Heimdall. Dei er eit potensielt nettverk; ein indre og ytre sirkel av agnostikarar så vel som truande.
 
Kom inn Heimdall tar utgangspunkt i uklare funderingar om korleis ein skal redde verda, kven arbeider og trur på det, og kva slags plass kunsten har i denne problemstillinga. Prosjektet fokuserer på dei ulike aspekta ved å jobbe som ei gruppe; ein iscenesatt observasjon av gruppedynamikk eller eit idealistisk forsøk på å arbeide saman for ei betre framtid?
 
Resultatet frå seansane er no tilgjengeleg for offentlegheita og klare til gransking og fortolking.
 
*Når Heimdall blåser i Gjallarhornet sitt, høyres det i alle verdshjørna. Hornet kan høyrast i både menneska sin verden og gudane sin verden, og til og med i underverda, og nyttast til å vekke gudane dersom det er fare på ferde. Eit signal frå dette hornet skal markere starten på Ragnarok, verdas undergang.
 
 
Tatt av Heimdal er et samarbeid mellom kurator Helga-Marie Nordby og Heimdal Kunstforening. Gjennom ulike sosiale og utforskande prosjekter ynskjer kunstforeininga å skape engasjerande møter mellom kunst, stad og menneskjer. Eit av måla med prosjektet er utvikle foreining og staden gjennom deltaking og aktiv engasjement i våre egne omgivnadar. Tatt av Heimdal har mange lag og skje i fleire omgangar fram til sumaren 2017.
 
Tatt av Heimdal er støtta av Torstein Erbos Gavefond, Norske Kunstforeninger, Norsk Kulturråd, Fritt Ord, Sør-Trøndelag Fylkeskommune og Trondheim Kommune.
 
Seansane er basert på eit konsept utvikla i samarbeid med Marc Hulson og elevar ved Winchester School of Art.
 
–ENGLISH–
 
Heimdal the town, shares its name with the Norse god Heimdall; the guardian of the rainbow bridge. Heimdall controls the connection between gods and men. He has extremely good hearing and eysight and his Gjallarhorn, a warning device can be heard in all corners of the world.* It therefor seems prudent to contact him with issues concerning the future. With his global perspective and insight into other worlds he is well situated to shed light and give advice on how to manage joint efforts to ensure and even improve the future fortunes of Heimdal.
 
So various people from the area have been invited to Heimdal kunstforening to participate in spiritual seances to try and establish a link. They are a potential network; an inner and outer circle of agnostics as well as believers.
 
The project’s dwells on the dark and light aspects of group dynamics. A staged observation of social collaboration or an idealistic attempt to work together for a better future?
 
The results of the collaborative seances contacting Heimdall are now presented at Heimdal Kunstforeningwill for public viewing and interpretation.
 
*A signal from Heimdalls horn is used to awaken the gods in times of danger. The horn can be heard in the world of both gods and men and will mark the start of Ragnarok, the ending of the world.
 
 
Tatt av Heimdal is a collaboration between curator Helga-Marie Nordby and Heimdal Kunstforening. With performativity as methode and strategy the project examines Heimdal as place and identity. One of the goals of the project is to develop Heimdal Kunstforening and the place through participation and active involvement in our own surroundings.
 
Tatt av Heimdal is kindly supported by Torstein Erbos Gavefond, Norske Kunstforeninger, Norsk Kulturråd, Fritt Ord, Sør-Trøndelag Fylkeskommune and Trondheim Kommune.
 
The seances are based on an concept developed in collaboration with Marc Hulson and pupils at Winchester School of Art.

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s