Kva er Tatt av Heimdal?

Fyrst kan ein spørje: Kva er Heimdal? Heimdal er ein bydel i Trondheim som kan være vanskeleg å definere. Eit lite sentrum innanfor eit stort område, med over 70 000 innbyggarar og stort kulturelt mangfald. Slik kan det oppfattast som ein udefinerbar stad som det kan vere vanskeleg å føle tilhøyrsel til.

Tatt av Heimdal er eit (kunst)prosjekt i regi av Heimdal Kunstforening. Eit prosjekt som har eit (av fleire) mål om å undersøke Heimdal som stad, og slik ta staden og dei som bur der på alvor. Ved å stille spørsmål om kva denne staden er, kva den har vore og kva den kan bli, ynskjer me undersøke Heimdal og identitetar knyta til denne staden.

Dette er òg eit prosjekt for vår eigen del. Heimdal Kunstforening er i ein endringsfase og me opplever derfor eit behov for å undersøke vår eigen identitet: Både som kunstforeining og i forhold til staden – og slik skape ein større tilhøyrsel til både lokalmiljø og befolkning.

Me ynskjer å knyta til oss alt frå kunstnarar til teoretikarar og skribentar for å hjelpe oss med oppgåva. Vår tilnærming til dette prosjektet kan skildrast som ein perfomance: Flyktig og stadsspesifik; kroppsleg, prosessuell, inkluderande og ope. Noko som skapast medan det skjer og opnar for konkrete møte mellom menneske.

Så, la oss heller omformulere: Kva kan Tatt av Heimdal bli?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s